Kronikken sto på trykk i NRK Ytring 31.Juli 2015
Næringsminister Monica Mæland frå Høgre, Jorund Rytman frå Frp og Ingebjørg Harto frå NHO har denne veka sagt at me treng slike avtaler for at norske bedrifter skal kunne investere i utviklingsland. Norsk næringsliv er imidlertid godt tilstades i dei landa som står øvst på NHO si liste over land dei ynskjer at Noreg skal inngå avtaler med.
I lang tid har Brasil stått på toppen av ynskjelista. Brasil er det landet nest etter EU og USA som norske bedrifter investerer mest i. Det er omlag 100 norske bedrifter til stades i landet. Brasil er eit godt bevis på at norsk næringsliv ikkje treng investeringsavtaler for å investere i utviklingsland. FN sitt handelsorgan UNCTAD har ved fleire høve understreka at investeringar ikkje kjem som følgje av investeringsavtaler, men at avtale tvert imot kjem etter investeringane. Noreg treng med andre ord ikkje investeringsavtaler for at norske bedrifter skal kunne etablere seg i utviklingsland.
Urimeleg behandling?
Norsk næringsliv treng investeringsavtaler eine og aleine for å sleppe brysomme reguleringar. For som NHO har understrekt så er det stor risiko knytt til å investere i utviklingsland. Når ein høyrer på argumentasjonen så får ein eit intrykk av at det er mafialiknande tilstandar det er snakk om, at nærast kva som helst kan skje. Men kva er det eigentleg dei internasjonale investeringstvistane handlar om?
Etter den store katastrofa i Fukushima i 2011 avgjorde det tyske parlamentet ei gradvis stenging av atomkraftverka med endeleg stopp i 2022. Dei eldste kraftverka skulle stengast med ei gong. Den svenske kraftprodusenten Vattenfall gjekk til sak mot Tyskland og krevde enorme erstatningssummar.
Brasil er eit godt bevis på at norsk næringsliv ikkje treng investeringsavtaler for å investere i utviklingsland, Heidi Lundeberg
I 2010 innførte Uruguay ei ny tobakkslov med mål om å redusere helsefarleg røyking. Ifølgje lova skulle sigarettpakkene merkast godt med varsel om kor helseskadeleg røyking er. Tobakksprodusenten Phillip Morris stevna Uruguay for ein stor sum. Ecuador ville forby oljesøl i regnskogen, men oljeprodusenten Chevron saksøkte landet. Er dette urimeleg ekspropriasjon eller er det ganske enkelt god politikk for å sikre folks helse og miljø?
Sårt tiltrengte pengar
Utfallet av alle søksmåla er mangfaldig, men i ein stor del av sakene har dei store selskapa vunne og utviklingsland har blitt erstatningspliktige. I mange av sakene er det enorme summar det er snakk om. Argentina er eit av dei landa som flest gonger har blitt stevna på grunnlag av ei investeringsavtale, og i kjølevatnet av den økonomiske og sosiale krisa på starten av 2000 talet toppa det seg. Totalt var søksmåla dette året på heile 80 milliardar dollar. Til samanlikning utgjorde beløpet 13 prosent av landets BNP i 2013 og dobbelt så mykje som dei totale pensjonsutgiftene til landet.
Ein stor del av sakene har dei store selskapa vunne og utviklingsland har blitt erstatningspliktige, Heidi Lundeberg
Er det rett at eit land i økonomisk og sosial krise, skal bruke dei små midlane sine på å betale søksmål til svært kapitalrike selskap? Ein kan diskutere kor rimeleg og urimeleg ulike reguleringar er, men det synast svært urettvist at utviklingsland kvart år må betale enorme summar til multinasjonale selskap på grunnlag av investeringsavtaler. Før Noreg startar med slike avtaler må me altså spørje oss om det er greitt at norske storselskap kan stevne utviklingsland for enorme summar som dei heller burde ha bruka på den fattige befolkninga.
Rett og rimelig
Brasil står øvst på NHO si ynskjeliste. Norske bedrifter har ikkje blitt utsatt for ekspropriasjon. Tvert imot er norske bedrifter tatt godt imot i det søramerikanske landet. Statoil er til dømes den største utenlandske oljeprodusenten i landet og norske selskap sit på 11 prosent av marknadsdelen i petroleumssektoren.
Men brasilianske styresmakter har stilt krav til norske selskap. Krav om at Statoil skal tilsetje lokale arbeidarar til dømes. Eit heilt urimeleg krav syns Statoil. Derfor er også dette kravet ulovleggjort i regjeringa sitt forslag til modell for investeringsavtaler. Heilt rimeleg var imidlertid kravet i Statoil sine yngre dagar: Noreg stilte dette same kravet til utanlandske oljeselskap. Kravet var godt for Noreg; det bidrog til arbeidsplassar. Og det var godt for Statoil, for med arbeidarane følgde også teknologi og kunnskap. Så er det vel ikkje meir enn rett og rimeleg at utviklingsland skal kunne gjere akkurat det same som me har gjort?
Av Heidi Lundeberg, styreleder i Handelskampanjen og daglig leder i Latin Amerikagruppene i Norge
Se kronikken på NRK Ytring: http://www.nrk.no/ytring/dei-urimelege-utviklingslanda-1.12479002