Ein spade er ikkje alltid ein spade
Screenshot promovideo WTO "inclusive trade"
Publisert: 29.09.16

Ein spade er ikkje alltid ein spade

Nok ei gong prøvar dei rike landa seg på omkamp mot utviklingsland i Verdas handelsorganisasjon (WTO). Ved å skuve småbedrifter i utviklingsland framfor seg står investeringspolitikk og deregulering av personvern på dagsorden.

Skrevet av Heidi Lundeberg, styremedlem i Handelskampanjen og deltaker på WTO Public Forum sept 2016

E-handel blir neste avtale i WTO

Når ambassadørar, ministrar, sivilsamfunn, fagrørsle og næringsliv møttest på Public Forum i Genève denne veka var det e-handel som stod på dagsorden. Over halvparten av dei 100 seminara og møta på forumet handla om kor bra e-handel er for folk, profitt og miljø, og kor viktig det er at WTO legg til rette for digitale plattformer.

Små og mellomstore bedrifter fremmes som de store vinnerne

Skal ein tru generaldirektør Azevedo så er det helst små og mellomstore bedrifter i utviklingsland som best kan nytte seg av e-handel. Afrikanske, asiatiske og latinamerikanske entrepenørar presenterte sine gode forretningsidear i Geneve denne veka, men dei etterspurde støtte til industrien sin. Det er desse småbedriftene WTO vil hjelpe når generaldirektøren no tek til orde for deregulering av e-handel og «handelsfinansiering».

Kontroversiell investeringspolitikk forkledd som e-handel

7 ulike forslag har blitt lagt fram i WTO på e-handel i år. Flott om designaren i Katwe får solgt sine klede til ungdom i Trondheim ved hjelp av e-handel. Men her er det viktig å sjå nærare på kva forslaga inneber. For kva er det eigentleg USA foreslår når det gjeld e-handel? Jau dei foreslår blant anna at statar ikkje skal kunne krevje nasjonale dataserverar. Dei fleste land krev dette i dag fordi at personsensitive data ikkje skal flyte fritt frå land til land, men haldast regulert i nasjonale serverar. Google og andre store nettaktørar har lenge ynskt seg fri flyt av persondata over landegrenser. Dette har skapt fleire kontroversar, til dømes mellom Brasil og Google for eit par år sidan. Forslaget bør vekkje interesse også i Noreg tatt i betraktning den store skepsisen og debatten datalagringsdirektivet medførte. Vidare inkluderer USA sitt forslag om e-handel liberalisering av ytelseskrav.

"Dette handlar kort sagt om at USA ikkje ynskjer at statar skal kunne stille krav til utanlandske investorar". Heidi Lundeberg

Dette handlar kort sagt om at USA ikkje ynskjer at statar skal kunne stille krav til utanlandske investorar. Dette er eit av dei sentrale om mest omstridte delane av investeringsvernpolitikken som utviklingsland har motsett seg i WTO gong på gong. Kva har eigentleg dette med e-handel å gjere? Jau det har med dei store nettbaserte selskapa sine interesser å gjere. Det er ikkje tilfeldig at ein av dei landa som frontar dette temaet e-handel i WTO, også er heimstad for Google, Amazon og deira like. Det er grunn til å stille spørsmål ved om denne avtala er tenkt å tene verdas største nettbaserte selskap snarare enn småbedrifter i utviklingsland.

Ein spade er ikkje alltid ein spade. I WTO må ein alltid sjå bak dei vene lovnadane om politikk for utvikling og miljø, og lese dei faktiske forslaga som ligg på bordet. For gong på gong så vert utviklingsfientleg politikk pakka inn i flotte lovnader og bilete som alle likar.

Om Handelskampanjen

Handelskampanjen er en allianse av ulike organisasjoner fra fagforbund, bondeorganisasjoner, til miljø,- solidaritets- og utviklingsorganisasjoner. Nettverket ble oppretta i 27. april 2004.

Vi følger internasjonale handelsforhandlinger, regionale handelsavtaler, og Norges handels- og investeringsavtaler. Vi bistår med analyser, kursing, foredrag og skriftlige innspill. Vi har et aktivt styre som har bred erfaring og kompetanse innenfor internasjonal handelspolitikk.

Kontakt

Postadresse:
Handelskampanjen c/o Utviklingsfondet
Mariboes Gate 8, 0183 Oslo

E-post:
handelskampanjen@handelskampanjen.no


Organisasjonsnummer: 996058115

Nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Lenker