Changemakers handelskampanje: Giske setter ned stigen!
http://www.changemaker.no
Publisert: 13.02.12

Changemakers handelskampanje: Giske setter ned stigen!

Torsdag 9. februar overleverte 50 Changemakerar over 8000 underskrifter til nærings- og handelsminister Trond Giske for å få ein meir rettferdig handelspolitikk.

Saken ble publisert på www.changemaker.no torsdag 9. februar.

Giske vart utfordra til å setje på plass utviklingsstigen som Noreg har klatra opp. Dette gjorde han på eit stort stigespel Changemaker hadde laga, der det var to spelebrikker som symboliserte fattig (grøn) og rik (blå). Men trass i stigeflyttinga, svarte ikkje Giske klart på krava om politikkendring:

- Giske nektar utviklingsland høvet til å bruke dei same politiske verkemidla som har skapt grunnlaget for norsk næringsutvikling. Dette er som å klatre opp ein stige, for så å trekke den opp etter seg, seier Changemaker-leiaren.

Giske får over 8000 underskrifter
God stemning då Giske fekk over 8000 underskrifter i form av spelboks.

Det som skulle vere utviklingsrunden i WTO-forhandlingane går no på 11. året, og utviklingslanda får betale prisen med urimelege krav i bilaterale handelsavtalar mellom fattige og rike land. I tillegg krev Noreg gjennom WTO liberalisering av energitenester for ei rekke u-land. Dette er klart i strid med følgande løfte i regjeringserklæringa:”Regjeringa vil leggje til grunn at WTO-avtaleverket ikkje må ta frå fattige land styringsrett og verkemiddel som har vore viktige for å utvikle vårt eige samfunn til eit velferdssamfunn.”

- Changemaker krev at Giske og regjeringa må halde det dei har lova i Soria Moria 2, og føre ein meir utviklingsvenleg handelspolitikk, seier leiar i Changemaker, Markus Nilsen.

I WTO har ikkje Noreg støtta utviklingslandas krav om ein eigen effektiv antidumpingsmekanisme på landbruksvarer. På same tid har Noreg klart å beskytte seg mot dumping av 581 ulike landbruksvarer i gjeldande WTO-regelverk.

-Dei internasjonale handelsforhandlingane har kollapsa, og no finst det ikkje reglar som sikrar fattige lands utvikling, det er den sterkastes rett som rår. Sjølv om det ikkje finst internasjonale reglar Noreg må følgje, betyr ikkje det at Noreg kan ture fram som vi vil, meiner Nilsen.

Stigespel og Giske
Giske speler stigespel med Changemaker.

Om Handelskampanjen

Handelskampanjen er en allianse av ulike organisasjoner fra fagforbund, bondeorganisasjoner, til miljø,- solidaritets- og utviklingsorganisasjoner. Nettverket ble oppretta i 27. april 2004.

Vi følger internasjonale handelsforhandlinger, regionale handelsavtaler, og Norges handels- og investeringsavtaler. Vi bistår med analyser, kursing, foredrag og skriftlige innspill. Vi har et aktivt styre som har bred erfaring og kompetanse innenfor internasjonal handelspolitikk.

Kontakt

Postadresse:
Handelskampanjen c/o Utviklingsfondet
Mariboes Gate 8, 0183 Oslo

E-post:
handelskampanjen@handelskampanjen.no


Organisasjonsnummer: 996058115

Nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Lenker