Landa i Sør-Amerika vil utvikle alternativ til den mykje kritiserte tvisteløysingsdomstolen i verdsbanken ICSID. Det var i høve eit ministermøte for latinamerikanske statar den 22. april at dei åtte Alba-landa erklærte sitt mål om ein alternativ tvisteløysingsdomstol.
Fleire latinamerikanske land har dei seinare åra vorte ramma av ein trend der fleirnasjonale selskap stiller statar for retten for brot på bilaterale avtalar om investeringsvern (BIT). Ecuador, som er den største pådrivaren for å utvikle eit alternativ, er ein av dei statane som har vorte hardast ramma.
Dryg rettspraksis
I fjor vart dei dømt til å betale svimlande 2,4 milliardar dollar til Occidental Petroleum frå USA, ein sum like stor som den samla årsinntekta til heile den fattigaste femtedelen av folket. Juristar frå Public Citizen vart sjokkerte då dei gjekk gjennom rettsdokumenta og fann det dei kallar 326 sider av logisk gymnastikk, som enda i ein urimeleg dom mot Ecuador som følgde eige lovverk.
Dette kom berre eit halvt år etter at same landet vart dømt til å bryte sin eigen grunnlov då oljeselskapet Chevron gjekk til ein internasjonal domstol for å sleppe å rydde opp oljesølet dei hadde forårsaka i Amazonas.
Ecuador sine erfaringar med ICSID set fingeren på fleire av dei mest kritserte sidene ved det såkalla investor-stat systemet, der selskap kan overstyre demokratiske prosedyrar og avgjersler ved hjelp av investeringsverneavtalar (BIT) og internasjonale tvistedomstolar.
Medan avtalane i seg sjølv er kritiserte for å gi store selskap vidtrekkande rettar, og ingen plikter, har domstolane vorte ytterlegare kritisert for å ha ein rettspraksis som langt på veg favoriserer investor. Til dømes kan eit land som vil legge til grunn betre miljøregulering verte erstatningspliktig for eit selskap som investerte under ein annan miljølovverk. I tillegg til å måtte erstatte utgiftene selskapet har hatt, som i seg sjølv er omdiskutert, vert staten ofte pliktig til å erstatte «framtidige inntekter».
Handelskampanjen vil ha endring
På bakgrunn av dette har Ecuador og Alba-landa teke initiativ til eit nytt tvisteløysingsorgan, med mål om at det vert gyldig for heile Latin-Amerika, og med sikte på ein global kursendring. I erklæringa legg dei mellom anna opp til at organet skal ta omsyn til nasjonal suverenitet og at sivilsamfunnet har fleire instansar for å verte høyrd.
Fleire sivilsamfunnsorganisasjonar har involvert seg aktivt i prosessen, og sluttar opp om eit alternativt organ, men har klare krav til kva for funksjonar det skal ha. Handelskampanjen er mellom dei som har skrive under på eit globalt opprop for eit alternativt organ som mellom anna tek vare på demokratiske rettar, suverenitetsprinsipp, og rettane til naturen.
Eit konkret forslag til tvisteløysingsorgan er no under utvikling, i ein ambisiøs tidsplan. Handelssamarbeidet i Sør-Amerika, Unasur, behandlar no saka. Om dei sluttar seg til vil organet få den tyngda det treng for å etablere seg. Likevel er det kome bekymringsmeldingar frå organisasjonar som har innsikt i prosessen om at fleire av dei viktigaste prinsippa fell ut, og at organet ikkje kjem til å erstatte noverande organ, men berre vere eit alternativ.