Ny rapport: gigantavtale kan gi store konsekvensar
Publisert: 09.10.13

Ny rapport: gigantavtale kan gi store konsekvensar

Seattle to Brussels Network har undersøkt lovnader rundt EU-USA-avtala og finn at fordelane er grovt overdrivne, og at risikoen er underkommunisert.

Forhandlingar om handels og investeringsavtale mellom EU og USA vekker stor uro hjå mange. Den såkalla Transatlantic Trade and Investment Partnership (TTIP) vil innehalde investor-stat tvisteløysingssystemet, og kan bli ei drøymepakke for store selskap som vil sleppe statleg regulering.

Frankrike uroa

Frankrikes handelsminister Nicole Bricq er særleg uroa over retten selskap får til å gå til sak mot statar under internasjonale tvisteløysingssystem. Ho åtvarar om at selskap kan etterprøve lover for miljø og velferd som har kome på plass av demokratiske institusjonar.

«Me vil ikkje at Europeiske regjeringar skal vere så sårbare for slike offensive handlingar frå Amerikanske selskap», sa Brick til Financial Times 11. september. Samstundes oppmoda ho også den Europeiske Kommisjonen til å offentleggjere sitt forhandlingsmandat.

Forhandlingane om denne avtala er, som elles, fullstendig lukka for innsyn. Det som har komme fram er av lekkasjar, og kontakten store selskap og organisasjonar har hatt med myndigheiter gjennom lobbyverksemd. Frå offentleg hald kjem det mest tomme lovnader om økonomisk vekst, ein masse nye arbeidsplassar og teknologisk revolusjon.

Tomme lovnader

Ein ny rapport gitt ut av Seattle to Brussels Network har undersøkt desse påstandane og finn at dei antekne fordelane med avtala er grovt overdrinve, og at risikoen er underkommunisert. Det er vel så store sjansar for at Europa endar med tap av arbeidsplassar som følgje av ny konkurranse.

TTIP legg opp til ei rekke kapittel som favoriserer investor, og undergrev rettar for arbeidarar, miljølovgiving og statane sitt handlingsrom til å innføre nye reguleringar eller bruke verkemiddel til dømes i økonomisk krise. Mellom anna vil avtala innehalde den mykje omtala investor-stat-mekanismen, der selskap kan saksøke statar for internasjonale ad-hoc tribunalar, der tre private handelsjuristar bestemmer over suveren statar sin rett til å utføre politikk.

Avtala mellom EU og USA vil truleg forsterke skilnadene mellom dei sentrale økonomiske tyngdepunkta i EU og dei meir perifere områda. Medan produksjonssentra og dei store eksportørane håpar på nye marknader, kan andre område i EU bli hardt ramma.

Nyleg vart me minna på dei dramatiske konsekvensane frihandelsavtalar kan gi for arbeidsplassar, då matprodusentar, arbeidarar og studentar i Colombia gjekk ut i ein månads generalstreik i protest mot frihandelsregimet. Eitt år etter at frihandelsavtala med USA trådde i kraft, kollapsa den lokale marknaden, overfløymd av gjennomsubsidierte matvarer frå USA. Hundretusenvis av bønder er i ferd med å miste levebrødet. Myndigheitene har også starta å handheve investorrettar, og tok til å konfiskere frølager og forby bruk av tradisjonelle såkorn.

Konsekvensar for Noreg

Avtala vil truleg også gje konsekvensar for Noreg, og særleg kan ein vere uroa for mattryggleik. TTIP tek sikte på å harmonisere regelverket til EU og USA, og sidan EU jamt over har strengare regelverk for mattryggleik, vil det i stor grad gå ut på å senke krava. Ei slik harmonisering vil truleg kome til Noreg også gjennom EØS. Denne tyder i praksis dårlegare regulering av genmodifiserte organismar (GMO), hormonhandsama kjøt, bruk av kjemiske sprøytemidlar. Det kan også senke krava til dyrevelferd.

Det er også sterke signal om at EFTA vil følgje opp med ei eigen avtale med USA, men at ein ventar til ein ser kva som kjem ut av forhandlingane med EU.

Lite om handel, mest om å snevre handlingsrom

TTIP vert ofte samanlikna med den andre store handels- og investeringsavtala som USA er i forhandlingar om, Trans-Pacific Partnership (TPP). Her er forhandlingane kome lengre, og med fleire lekkasjar har sivilsamfunnet fått betre oversikt over detaljane i avtala. I eit nyleg intervju med Lori Wallach frå Public Citizen, understreka ho kor lite denne avtala eigentleg dreier seg om handel. Av 29 kapittel er berre fem om handel. Dei øvrige 24 kapittla handlar om å binde regjeringar til innskrenke politisk handlingsrom, med rettar og reglar som favoriserer store selskap.

USA har etter alt å døme det same utgangspunktet for avtale med EU, og store selskap på begge sider av atlanteren driv ein valdsam lobbykampanje for å få på plass ei sterk og altomfattande avtale.

Om Handelskampanjen

Handelskampanjen er en allianse av ulike organisasjoner fra fagforbund, bondeorganisasjoner, til miljø,- solidaritets- og utviklingsorganisasjoner. Nettverket ble oppretta i 27. april 2004.

Vi følger internasjonale handelsforhandlinger, regionale handelsavtaler, og Norges handels- og investeringsavtaler. Vi bistår med analyser, kursing, foredrag og skriftlige innspill. Vi har et aktivt styre som har bred erfaring og kompetanse innenfor internasjonal handelspolitikk.

Kontakt

Postadresse:
Handelskampanjen c/o Utviklingsfondet
Mariboes Gate 8, 0183 Oslo

E-post:
handelskampanjen@handelskampanjen.no


Organisasjonsnummer: 996058115

Nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Lenker