Ny rekord for Giske – bak lukka dører
EFTA
Publisert: 26.06.13

Ny rekord for Giske – bak lukka dører

Me krev offentleg høyring og konsekvensutreiing om norske frihandelsavtalar, skriv Tore Isungset Støve, sekretær i Handelskampanjen. Måndag 24. juni skreiv Trond Giske under på to nye frihandelsavtaler og ei samarbeidserklæring under EFTA sitt ministermøte i Trondheim.

Trond Giske er etter alt å dømme svært nøgd med eigen innsats på frihandelsfronten den siste tida, og uttrykte stor glede over å vere vertskap for det mest produktive ministermøtet i EFTA nokon gong. Nærings- og handelsdepartementet (NHD) sendte pressemeldinga «EFTA-rekord i Trondheim», der Noreg signerte to frihandelsavtaler, med Costa Rica / Panama, og med Bosnia-Hercegovina. I tillegg signerte ministeren ei samarbeidserklæring med Myanmar, som er første sikre steg på veg mot ei avtale.

Me i Handelskampanjen er på vår side svært uroa over både tempo, prosess og innhald i desse avtalene. I vår gjekk Giske ut og sa at «nå forhandler vi alt hva remmer og tøy kan holde», og det er diverre sant. Forhandlingane står om kor mykje me skal avgrense politisk handlingsrom for oss sjølv og dei me forhandlar med: i kva for sektorar det vert forbode med toll – kva som vert reglane for privat innkjøp i offentleg sektor – kva for rettar selskap får til å reservere seg frå statlege reguleringar – og mykje meir. Resultatet vert alltid at Noreg bind seg til masta med skuta i strak kurs mot eit globalt nyliberalt handelsregime. Utbyttet er eitt forventa gode: auka handel.

Dette skjer bak lukka dører. Stortinget har ikkje behandla ein mal for frihandelsavtaler. Det har ikkje vore ei offentleg høyring, og inga utreiing av konsekvensane. Mandatet til norske forhandlarar er ikkje offentleg avklara i forkant, og me får ikkje innsyn i kva dei krev over forhandlingsbordet, og kva dei vert bedne om å gi. Avtaleteksten er ikkje kjend før den er signert av regjeringa. Etter dette har folkevalde framleis ein sjanse til å stoppe avtala, men dette vert rekna som så politisk kostbart at dei aller fleste avtalene passerer heilt utan debatt.

Handelskampanjen representer 16 solidaritet- bistand- og fagorganisasjonar. Etter 20 år med norske frihandelsavtaler har me etter kvart lært mykje. Me er bekymra over kva regjeringa bind Noreg til. Me er bekymra over at utviklingsland ikkje får gjere nødvendige grep for å fremme utvikling. Difor krev me offentleg høyring og konsekvensutreiing om frihandelsavtaler.

Innlegget sto på trykk i Adresseavisen 27. juni

Om Handelskampanjen

Handelskampanjen er en allianse av ulike organisasjoner fra fagforbund, bondeorganisasjoner, til miljø,- solidaritets- og utviklingsorganisasjoner. Nettverket ble oppretta i 27. april 2004.

Vi følger internasjonale handelsforhandlinger, regionale handelsavtaler, og Norges handels- og investeringsavtaler. Vi bistår med analyser, kursing, foredrag og skriftlige innspill. Vi har et aktivt styre som har bred erfaring og kompetanse innenfor internasjonal handelspolitikk.

Kontakt

Postadresse:
Handelskampanjen c/o Utviklingsfondet
Mariboes Gate 8, 0183 Oslo

E-post:
handelskampanjen@handelskampanjen.no


Organisasjonsnummer: 996058115

Nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Lenker