Sjølvsagt skal Noreg produsere mat til eige folk
Marte Dæhlen
Publisert: 25.11.11

Sjølvsagt skal Noreg produsere mat til eige folk

- Sjølvsagt skal Noreg produsere mat til eige folk. Det sa Luxemburgs WTO-ambassadør då han nyleg vitja Oslo. Luxemburgs WTO-amassadør meiner den nyliberale politikken i WTO ikkje tener dei fattige landa, og at ein ikkje kome vidare under ministermøtet i desember.

Publisert på Bondelagets nettsider 29. november

Jean Feyder har i fem år vore Luxemburgs ambassadør til WTO. Før det var han styreleiar i UNCTAD, FNs organ for handel, investeringar og utvikling og styreleiar for WTO-komitéen for dei minst utvikla landa. Han har nyleg utgitt boka ”Svolten drep”, der han skriv om mellom anna at utviklingslanda har tapt på reduserte tollbarrierar og blitt meir og meir avhengige av å importere mat. Han meiner land i både nord og sør må ha rett til å produsere mat til eige folk.

- Det var jo også strategien for EU etter andre verdskrig. Ein kunne jo ha satsa på å bli brødfødd av USA, men sjølvsagt ynskte ein å produsere mat sjølv, sa Feyder.

Han får støtte i sitt syn frå Aureel Destree, ansvarleg for matsikkerheit i den tsjekkiske tenketanken for global utvikling, Glopolis:

- Eg synest det verkar som om Noreg har ein fornuftig politikk på dette området. Det er viktig å ha kontroll med importen. Det er også viktig å ha ein landbruksproduksjon for å ha folk buande i distrikta, sa Destree. Ho har mellom anna delteke i arbeidet med ein rapport om korleis handelspolikken kan fungere betre for utviklingsland (les rapporten her: http://www.ecofair-trade.org/ ).

Aileen Kwa frå South Center, ein tenketank i Geneve eigd av 51 utviklingsland, syntes idéen om å ha ulike regelverk for støtte til produkt som blir konsumert innanlands, og produkt som blir eksportert, er interessant.

- Det kan vere interessant. Men då må Noreg samtidig akseptere at utviklingsland kan støtte og beskytte produkt på andre forhandlingsområde, sa Kwa.

Ingen av innleiarane hadde tru på framgang i WTO-forhandlingane under ministermøtet i Geneve 15.-17.desember.

- Dei kjem til å feire det som ein stor suksess fordi Russland blir medlem. Elles kjem det ikkje til å skje stort, sa Jean Feyder.

Møtet dei tre deltok på vart arrangert av Handelskampanjen. Før det opne møtet hadde dei tre møte med WTO-ansvarlege i Utanriksdepartementet.

Om Handelskampanjen

Handelskampanjen er en allianse av ulike organisasjoner fra fagforbund, bondeorganisasjoner, til miljø,- solidaritets- og utviklingsorganisasjoner. Nettverket ble oppretta i 27. april 2004.

Vi følger internasjonale handelsforhandlinger, regionale handelsavtaler, og Norges handels- og investeringsavtaler. Vi bistår med analyser, kursing, foredrag og skriftlige innspill. Vi har et aktivt styre som har bred erfaring og kompetanse innenfor internasjonal handelspolitikk.

Kontakt

Postadresse:
Handelskampanjen c/o Utviklingsfondet
Mariboes Gate 8, 0183 Oslo

E-post:
handelskampanjen@handelskampanjen.no


Organisasjonsnummer: 996058115

Nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Lenker