Saken sto på trykk i Nationen 3 juni 2015
I Europa er det stor motstand mot å la ein internasjonal domstol avgjere konfliktar mellom investorar og statar i EU og USA. Den såkalla investor-stat-tvisteløysinga er eitt av dei store stridstemaa i diskusjonen om ein handels- og investeringsavtale mellom dei to stormaktene. I Noreg har regjeringa nyleg føreslege at Noreg skal kunne inngå investeringsavtalar som gir selskap rett til å trekkje statar inn for ein internasjonal domstol ved avtalebrot. Forslaget er sendt på høyring som del av Nærings- og fiskeridepartementets utkast til modell for framtidige bilaterale investeringsavtalar, og får full støtte frå næringslivsorganisasjonane NHO og Norsk Industri.
Næringslivet positive
– Forslaget ser bra ut, og det møter ønskja våre om å få investeringsavtalar på line med det konkurrentane våre har, seier Tore Myhre, som er avdelingsdirektør for internasjonalisering i NHO
– Investeringsavtalar vil kunne gi oss rettvis og ikkje-diskriminerande handsaming i andre land, og så vil dei vere eit vern mot vilkårleg styresmaktbehandling, som ikkje er legitimert i lov eller rettmessige vedtak, seier fagsjef Knut Baumann i Norsk Industri. Både Myhre og Baumann seier investor-stat-tvisteløysinga er særs viktig å ha med i avtalane.
Telenor er også positive.
– Som ein stor investor internasjonalt er vi opptekne av føreseielege rammevilkår, transparente prosessar og likehandsaming. Bilaterale investeringsavtalar kan bidra til det, seier kommunikasjonssjef Glenn Mandelid.
Ber Stortinget seie nei
– Det er ein mekanisme som er høgst udemokratisk og som tek frå enkeltland høva til å føre den politikken dei vil. Det er i tillegg ein måte å overføre makt frå nasjonalt rettsstell til eit internasjonalt tvisteløysingsorgan som i utgangspunktet berre består av investeringsjuristar, seier Heidi Lundeberg, som leiar Handelskampanjen.
Handelskampanjen, som samlar organisasjonar frå bonde-, fag-, miljø- og solidaritetsrørsla i Noreg, fryktar på si side investorstat- tvisteløysinga.
Dei vil be Stortinget gå imot modellen regjeringa har skissert. Per i dag går det føre seg over 250 saker der selskap har trekt statar innfor ein internasjonal domstol for brot på investeringsavtalar.
– Statar er stemna for å prøve å regulere miljø, arbeidsmiljø, skattar og avgifter til staten, seier Lundeberg. Ho syner til at tobakksprodusenten Philip Morris i 2012 tapte eit søksmål mot Noreg for å få oppheva forbodet mot å stille ut tobakksvarer i butikkane.
– Den tapte dei fordi saka gjekk for nasjonale domstolar, som openbert dømer på anna grunnlag enn ein investeringsdomstol, seier Lundeberg.
Vil prioriterer Brasil
Hovudmålet med investeringsavtalar, er ifølgje regjeringa å gjere det tryggare for norske bedrifter å investere i utlandet, særleg i land der den politiske og økonomiske situasjonen er ustabil. Ut frå modellen regjeringa føreslår vil framtidige investeringsavtalar kunne gi utanlandske bedrifter i Noreg og norske bedrifter utanlands sterkare avtalefesta rettar enn i dag. Med modellen vil Noreg også eventuelt kunne verte del av ein handelsavtale mellom EU og USA som inneheld investor- stat-tvisteløysinga. NHO vil at Noreg skal knyte seg til ein eventuell handelsavtale mellom EU og USA. Myhre stadfestar at investor-stat-tvisteløysinga kan verte eit sentralt element i ein slik avtale. Samstundes synest han regjeringa bør prioritere å inngå investeringsavtalar med land der marknaden er meir krevjande for norske bedrifter.
– Vi vil oppmode regjeringa til å prioritere å forhandle investeringsavtalar ut frå kvar det er størst vekstpotensial for norske bedrifter og samstundes medfører størst risiko å investere i dag, og då er det ikkje sikkert USA kjem øvst på lista, seier han. Både Myhre og Baumann held fram Brasil og India som viktigaste land å få investeringsavtalar med. Kina er også på ønskjelista, dersom handelsrelasjonane hadde vore annleis. Myhre nemner også Angola, Nigeria, Det austafrikanske fellesskap, Malaysia, Thailand og Vietnam. Grunnlovstrøbbel Noreg har frå før av inngått 14 investeringsavtalar med andre land, men ingen sidan midten av 1990-talet. Til jamføring har nabolanda fleire investeringsavtalar og EU-land samla har 1400. Kommunikasjonssjef Trond Viken i Nærings- og fiskeridepartementet seier Noreg slutta å inngå investeringsavtalar på grunn av uvisse kring forholdet mellom føresegner om investorstat- tvisteløysing og Grunnlova.
– Lovavdelinga i Justisdepartementet utarbeidde ei vurdering av forholdet til Grunnloven og utkastet til modellavtale inneheld ei avgjerd om investor-stat tvisteløysing som er innanfor Grunnlovens rammer, seier han. NHO og Norsk Industri ser ikkje negative konsekvensar ved modellen for investeringsavtalar som regjeringa har lagt fram.
– Det er regjeringar sjølv som inngår desse avtalane, og dei skal gi vern mot vilkårlege endringar. Det rokkar ikkje ved statars rett til å gjere endringar i si lovgiving på demokratisk vis, seier Myhre.
Eva aalberg Undheim
eva.undheim@nationen.no