WTO misbrukt av storkonserninteresser
Publisert: 02.06.16

WTO misbrukt av storkonserninteresser

Tankar etter eit debattmøte om handelspolitikk

Handelskampanjen og Dagsavisen inviterte til debattmøte om WTO den 25. mai i Oslo. Er Verdens Handelsorganisasjon demokratisk? Er WTO utdatert? var dei innleiande spørmåla.

Dei fire paneldeltakarane stadfesta på kvart sitt vis det triste inntrykket vi har hatt av WTO frå før, nemleg det at organisasjonen er misbrukt av sterke vestlege interesser til å fremme eit regelverk for internasjonal handel som dei sjølve vil tene på, men som vil vere til skade for svært mange andre, ikkje minst uland.

Helene Bank og Heidi Lundeberg frå Handelskampanjen kunne fortelje korleis delegasjonane frå nokre få sterke i-land dominerte av USA og EU, den sokalla “greenroom-banden” i WTO, møtest bak lukka dører og blir samde om regelframlegg som så blir tvinga på dei andre landa gjennom eit meir eller mindre grovt press. ( I 2004 kom den fransk-belgiske økonomen Raoul Marc Jennar med ei bok (Europe, la trahison des élites) som med svært stygge detaljar viser at dette maktmisbruket alt då var ein “tradisjon” innanfor WTO).

Dei tre stortingsrepresentantane i panelet hadde lite trøyst å kome med. Svein Roald Hansen brukte uttrykket “eit WTO på sotteseng”. Kjell Ingolf Ropstad (KrF) snakka om at han drøymer om eit handelsregime som også skal vere til hjelp for uland, men at WTO er langt unna å oppfylle den draumen. Liv Signe Navarsete (Sp) på si side, ser seg no nøydd til å forsvare eit WTO ho tidlegare har kritisert, fordi alternativet, med avtalar som TiSA og TTIP, vil gjere situasjonen endå verre.

WTO er på papiret demokratisk, på den måten at kvart land har ei stemme, men som vi fekk dokumentert på møtet, praksisen er det stikk motsette, - Odd Tarberg

Vi fekk også vite på møtet at Handelskampanjen har bede om at Norge kjem med framlegg om ei utgreiing av demokratiske reformer i WTO, og sjå på korleis dette arbeidet kan fylgjast opp. Denne idéen fekk støtte frå Ropstad og Navarssete.

Trass i ”greenroom-banden” si brutale hersing med dei svakare landa, så har likevel ein del land dei siste åra ”manna seg opp” og brukt sin ”demokratiske” rett i WTO og gått mot enkelte av dei mest ”ambisiøse” liberaliseringsforslaga (forslag som vil opne grensene ytterlegare for selskap som opererer internasjonalt). ”WTO-forhandlingane har stått i stampe” har vi då fått høyre klager om. Som om dette skulle vere ein bakdel. Når forslag går i feil retning, er det vel tross alt berre bra om dei blir stansa?!

Det som no er dramatisk for WTO sin posisjon som handelspolitisk hovedarena, er at ”greenroom-banden” ikkje aksepterer at svakare land på denne måten prøver å ta vare på sine interesser. Det at USA og EU som reaksjon på dette, har fått mange land med seg på forhandlingane utanfor WTO, om TiSA, TTIP, TPP, og fleire, må vi sjå på som rein sabotasje av WTO, og ein trussel mot dei svakare nasjonane.

Dersom WTO skal kunne utvikle seg til ein organisasjon som skaper balanserte rammeverk for handel mellom land på ulikt utviklingsnivå, og som ikkje berre dei sterke bedriftene i dei ulike landa vil profittere på, så må både TiSA, TTIP, og TPP stansast.

Det må ikkje vere slik at dei store ilanda berre kan true med å forhandle utanfor WTO dersom dei ikkje straks får det som dei vil. Dette vil elles gi nok eit øydeleggande pressmiddel som dei sterke kan bruke mot dei svake under forhandlingar i WTO...

På debattmøtet vart spørsmålet stilt om kva vesle Norge kan gjere i denne samanhengen. Det sterkaste signalet Norge kunne gi slik situasjonen er i dag, ville vere å gå ut av TiSA-forhandlingane slik Uruguay og Paraguay har gjort. Som det også vart sagt frå salen under møtet: Dersom vi faktisk prioriterer WTO, slik også dagens utanriksminister påstår at Norge gjer, så er vi nøydde til å ta nokre val. Vi kan ikkje på same tid forhandle om TiSA. I motsett fall er Norge med på å ta livet av WTO.

Det er tradisjon at stortingsrepresentantane ikkje diskuterer handelspolitikk, og i det ”offentlege rom” har dette temaet, også derfor, lenge fått lite merksemd. ”Bortsett fra EU-debatten og EØS-avtalen, så er det veldig lite diskusjoner også knyttet til frihandelsavtaler som vi ratifiserer i Stortinget”, sa Svein Roald Hansen og nemnde at han på Stortinget hadde etterlyst eit handelspolitisk utval som kunne ha gitt stortingsrepresentantane meir informasjon og deltaking i slike spørsmål. Måten TiSA-forhandlingane har fått pågå i tre år og med det store fleirtalet av stortingsrepresentantane totalt uvitande om konsekvensane av ein slik avtale, viser at det er eit skrikande behov både for eit slikt utval - og for medlemer i eit slikt utval som ikkje aksepterer å bli haldne ”med godt prat” frå eit UD som ser ut til å meine at dei veit best...

Dersom Norge held fram i TiSA forhandlingane, og i verste fall ratifiserer ein slik ubalansert og menneskefiendtleg avtale, vil eg inderleg håpe at utanriksministeren vår har ”anstendighet nok” til å slutte å hevde at ”WTO er fundamentet for norsk handelspolitikk”.

Neste gong situasjonen for WTO er tema, så vil i alle fall eit av dei viktigaste kontrollspørsmåla vere knytte til statusen for TiSA-forhandlingane. Dersom Norge held fram i desse forhandlingane, og i verste fall ratifiserer ein slik ubalansert og menneskefiendtleg avtale, vil eg inderleg håpe at utanriksministeren vår har ”anstendighet nok” til å slutte å hevde at ”WTO er fundamentet for norsk handelspolitikk”. Når Børge Brende avsluttar eit innlegg i Dagens Næringsliv i oktober i 2015 med å seie at ”Handelsavtaler er en mulighet til å forme globaliseringen gjennom internasjonalt samarbeid”, så er det verdt å merke seg at han der ikkje uttrykkeleg skriv ”handelsavtaler i WTO”. Dersom han derimot meiner avtalar av typen TTIP og TiSA, så er dessverre desse avtalane i staden eit opplegg for å forme globaliseringa gjennom einsidig vektlegging av dei sterke sine interesser, og svært lang unna det som kan kallast eit balansert ”internasjonalt samarbeid”.

Skrevet av Odd Tarberg

Om Handelskampanjen

Handelskampanjen er en allianse av ulike organisasjoner fra fagforbund, bondeorganisasjoner, til miljø,- solidaritets- og utviklingsorganisasjoner. Nettverket ble oppretta i 27. april 2004.

Vi følger internasjonale handelsforhandlinger, regionale handelsavtaler, og Norges handels- og investeringsavtaler. Vi bistår med analyser, kursing, foredrag og skriftlige innspill. Vi har et aktivt styre som har bred erfaring og kompetanse innenfor internasjonal handelspolitikk.

Kontakt

Postadresse:
Handelskampanjen c/o Utviklingsfondet
Mariboes Gate 8, 0183 Oslo

E-post:
handelskampanjen@handelskampanjen.no


Organisasjonsnummer: 996058115

Nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev.

Lenker