I slutten av oktober møttes handelsministrane i den Afrikanske Union, og det komande ministermøtet i WTO stod høgt på agendaen. Kommisæren for handel og industri, Fatima Haram Acyl, sa klart ifrå i sin tale at Afrika treng større fokus på å auke produksjonskapasiteten, og mindre fokus på å fjerne handelsbarrierar. Før ein handlar må ein kunne produsere. Det nyttar ikkje å legge opp til meir handel om det ikkje vert gjort noko med dei strukturelle utfordringane for Afrikas industri, slo Acyl fast.
Det som no ligg på forhandlingsbordet i WTO kan slik sett gjere vondt verre for Afrika. Dei siste åra har WTO-forhandlingane i stor grad gått ut på å halde huset reint og å passe på at organisasjonen ikkje mistar relevans. Utgangspunktet for desse forhandlingane var ikkje så ulike. Ein gjekk inn for å finne såkalla lågthengande frukter – dei sakene der det ville vere enklast å få gjennomslag. Difor står forhandlingane no om tre tema: handelsfasilitering, landbruk og utvikling (MUL-pakka).
Saman vert desse tre kalla Bali-pakka. Ved første augekast kan den sjå ubetydeleg ut. Handelsfasilitering handlar om å harmonisere tollsystemet, slik at grensepasseringar for varer vert enklare. Landbruk er eit evigvarande tema som ein aldri vert einig om, men ein ofte gir og tar litt for å lande forhandlingar på andre tema. Utviklingstema er dreier seg mest om unnatak for dei minst utvikla landa (MUL).
Trass dette meiner fleire at det er viktige saker som ligg på bordet. Avtala om handelsfasilitering set industrien i fare for utviklingsland. Som Acyl påpeika i sin tale for den Afrikanske Union, handlar handelsfasilitering nettopp om å fjerne barrierar for handel. For Afrika kan det tyde at råvarene forsvinn endå enklare ut frå kontinentet, og at både industrivarer og mat kjem enklare inn og utkonkurerar lokale produkt.
Dersom heile Bali-pakka no vert vedteke kan det også få konsekvensar for dynamikken i vidare WTO-forhandlingar. Mary Louise Malig frå Via Campesina er svært skeptisk til måten forhandlingane vert innført på. Utviklingslanda var mot det førre forslaget på handelsfasilitering, og er skeptiske no også. Utviklingslanda må truleg gi på dette tema for å få gjennom noko på utvikling. Problemet er at forhandlingane på utvikling berre går på saker som MUL-landa allereie er lova.
Malig meiner difor at industrilanda sel ein daud katt på ny for å få gjennomslag på handelsfasilitering. Ho trur også Bali-pakka kan revitalisere WTO, og at det kan bli innført større tema i neste forhandlingsrunde med større press frå industriland. Det er korkje bra for menige folk eller ein overlasta jordklote, og Malig føreslær difor i staden å gravleggje heile WTO.